[ annonse ]
Taxfreehandel på Suvarnabhumi. Taxfreehandel på Suvarnabhumi. Foto: Terje Engø
12. november 2019

Leserinnlegg: Nye forskrifter for håndbagasje på flyplassar i Thailand

Skrevet av 
[ annonse ]

I forrige veke ankom eg Suvarnabhumi Airport i Bangkok (BKK). Eg hadde med meg i håndbagasjen 1 flaske vin i ein forsegla pose kjøpt på taxfree på Gardemoen. Eg hadde ingen innsjekka bagasje. Tok shuttlebussen til Don Muang (DMK) for å fly vidare til Khon Kaen.

 

I sikkerhetskontrollen på DMK blei eg nekta å ta med meg vinflaska i håndbagasjen. Om eg ville ha vinflaska med meg, måtte eg legge vinflaska i den lille trillekofferten (håndbagasjen) og sjekke denne inn som ordinær bagasje. Dette kosta sjølvsagt «flesk». Det kosta faktisk meir å sjekka inn trillekofferten som ordinær bagasje, enn kva sjølve flybilletten kosta.

 

I løpet av dei siste 2–3 åra har eg hatt med meg forsegla poser frå taxfree som håndbagasje gjennom sikkerhetskontrollen svært mange gonger. Dette både på BKK og DMK. Har aldri vore noko problem. Men denne gongen gjekk det altså ikkje. Eg spurte personellet i sikkerhetskontrollen om det var innført nye forskrifter, gjeldande særskilt for Thailand.

 

På dårleg engelsk var det ei i sikkerhetskontrollen som uttrykte at ho «trudde» denne regelen var innført for 1–2 månader sidan. Eg spurte om skriftleg informasjon. Dette greide personellet på DMK ikke skaffe til veie.

 

Eg undra jo sjølvsagt på om eg bere hadde vore «uheldig» og møtt på overivrig sikkerhetspersonell, eller om det var innført nye forskrifter gjeldande for Thailand – for i Europa er alt som før, der kan ein ta med seg forsegla taxfree posar gjennom sikkerhetskontrollen som tidlegare. Det har eg no fått bekrefta.

[ annonser ]

 

Etter forspørslar på diverse facebooksider, fekk eg forrige dagen tilsendt ein link til ei avisside, som refererar til nye forskrifter for flyplassar i Thailand, som er innført gjeldande frå juni månad i år.

 

Slik eg leser det så refererer ikkje dette spesifikk til opplevingane mine på DMK  i forrige veke. Men det er likevel grunn til tru at mine opplevingar er som ein direkte konsekvens av dei nye forskriftene gjeldane frå juni i år. 

 

Eg har også de siste dagar fått referert diverse historiar, der reisande dei siste månadar er blitt fråteken taxfreeposane i sikkerhetskontrollen, utan moglegheit for å gå tilbake til innsjekkingsskranken for sjekke posane inn som ordinær bagasje. Så kan ein jo bere spekulere i kvar posane deretter har teke vegen. 

 

Konklusjonen og lærdomen av opplevingane dei siste veker: Eg får ta det som ei ny påminning om at ein må vera førebudd på det meste!

 

Mvh. Bjørn Dyrkolbotn

 

Bjørn Dyrkolbotn

Artikkelforfatteren. (Foto: Privat).

(© Thailands Tidende. 12. november 2019)

[ annonse ]

Har du nytte av Thailands Tidende? Lik og del!

[ annonser ]

Nye rubrikkannonser

Nirvana Jomtien Beach
( / Hus til salgs)

Nirvana Jomtien Beach

Condo Bangkok
( / Leilighet til salgs)

Condo Bangkok

Ban Chang, Rayong
( / Hus til salgs)

Ban Chang, Rayong

Toyota Hilux Revo
( / Til salgs)

Toyota Hilux Revo

Thailand i Norge (kart)